OM OSS
Tysdagsveitten var starta 12.mars 2002 av dansarar som reiste til Fjellvarden for å dansa ein gong for månaden. Dette fann dei ut var veldig kjekt og bestemt seg for at dei ville ha dans som trim ein gong i veke. Ungdomslaget i Markane vart kontakta om å få leige ungdomshuset Skogstjerna og det vart kjøpt inn speleutstyr. Dansen fekk raskt bra oppslutnad og inntekta heldt til husleige. Arbeidet har elles vore utført på dugnad, men vi leiger til vasking.
Oddvar og Brynhild Sætren kom med ein god ide og spurde spelemannslaga i området om dei kunne legge øvingskveldane til tysdagar utan betaling. Fleire og fleire kom og spelte til oss. Tysdagssvetten er svært takksame til alle spelemanslaga for god dansemusikk!
Dansarane på Tysdagssveitten er medlemane våre.Tysdagsveitten driv berre trimdans. Overskotet som vi opparbeider over ein to årsperiode, går til spelemannslaga. Summen vert delt etter talet på spelingar i perioden.
Vi startar opp dansen første tysdag i september og held på ut mai. Fast klokkeslett er frå kl.20.00-22.00